Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Slideshow frå ResClim-avskjedsmøtet. Foto: Florian Helbig

Slideshow frå ResClim-avskjedsmøtet. Foto: Florian Helbig

Slideshow frå ResClim-avskjedsmøtet. Foto: Florian Helbig

Slideshow frå ResClim-avskjedsmøtet. Foto: Florian Helbig

Slideshow frå ResClim-avskjedsmøtet. Foto: Florian Helbig

Slideshow frå ResClim-avskjedsmøtet. Foto: Florian Helbig

Avslutningsmøte for klimaforskingsskulen ResClim

Etter åtte aktive år hadde klimaforskingsskulen ResClim sin store avskjedsdag på Os, der dei involverte møtte kvarandre for siste gong.

Tidelegare denne veka møtte mange forskarar, PhD-studentar, leiarar og andre involverte til den store avskjedsdagen til klimaforskingsskulen ResClim på Os.

– Det er viktig å utdanne internasjonale forskarar på UiB, og spesielt viktig innan klimaforsking, sa UiB-rektor Dag Rune Olsen. Han opna det siste årlege møtet for ResClim.

På Os kom dei involverte saman for siste gong og fekk summere ResClim. Ei lang rekke PhD-studentar presenterte kva dei gjorde på og kva dei har lært i dei forskjellege kursa og på sommarskulane.

Samarbeid i grupper

ResClim blei grunnlagt i 2009 og har utdanna ei lang rekke moderne klimaforskarar. Dagens klimaforskarar skal ha kunnskapar om moderne måtar å utføre og tolke avansert forsking på. I tillegg er det viktig å ha eit nettverk av internasjonale samarbeidspartnarar og forskarar. Gjennom erfaringar frå forskarar og profesjonelt feltarbeid fekk PhD-studentane lære om avanserte forskingsteknikkar.

– ResClim har nådd måla sine, kan Tore Furevik, direktør for Bjerknessenteret og klimaforskarskulen fastslå.

Til saman har 100 tidlegare PhD-studentar, 103 aktuelle PhD-studentar og 53 supervisorar vore involvert i ResClim. Ei god gruppe av desse var samla på Os for å snakke om minne og opplevingar. Mange viste bilete frå feltarbeid og sosiale aktivitetar.

I løpet av møtet blei deltakarane plassert i grupper for å jobbe saman. I dette gruppearbeidet kunne deltakarane kome med forbetringsforslag til liknande forskingsskular som ResClim. Målet var å utarbeide ein plan for den perfekte forskingsskulen. Eit av resultata var blant anna kurs for supervisorar og ikkje berre til PhD-studentar.
 

ResClim blir vidareført av CHESS, som også skal vere ein forskarskule innan klimaforsking. CHESS skal tilby mykje av det same som ResClim, men med endå større samarbeid mellom forskjellege aktørar innan klimaforsking, spesielt på internasjonalt nivå.

Gruppebilde av ResClim-deltakarar