Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Skapar betre klima-varsel


SAMFUNNSNYTTIG FORSKING: Forskar Noel Keenlyside vil at forksinga hans skal koma verda til gode.
Foto: 
Thor Brødreskift/UiB

Skapar betre klima-varsel

Korleis vil klimaet på jorda vera i framtida? Noel Keenlyside arbeider hardt for at vi skal vita meir.

Noel Keenlyside har vore tilsett som professor ved Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen (UiB) og Bjerknessenteret for klimaforskning sidan 2011, og har hatt stor påverknad på klimaforskinga på universitetet. Forskinga hans dreier seg i hovudsak om klima-prediksjon, gjennom å kombinera og forbetra eksisterande modellar.

– Vi veit at ingen modellar er perfekte. Ved å interaktivt kombinera modellar, klarar vi å få mest mogeleg ut av dei. Denne tilnærminga har eit stort potensial, seier Keenlyside.

Den australske statsborgaren kom til Bergen i 2011. Han høyrte om universitetet gjennom det internasjonalt kjente Bjerknessenteret for klimaforsking og gjennom samarbeid med professor Helge Drange. Drange forskar på klimavariasjoner og hav-modellering.

Sidan 2011 har Keenlyside kalla Bergen heime.

Forsking i verdsklasse i ein fredeleg by

Keenlyside peikar på det vitskaplege miljøet som ein av dei viktigaste grunnane for valet om å forska ved UiB. Sjølv om han er ein ekspert på tropisk meteorologi, passar han godt inn i miljøet på UiB og Bjerknes, med ei felles interesse i klimaet i Nord-Atlanteren.

– Dei var på jakt etter noko som kunne styrka kompetansen på tropene. Eg, derimot, var interessert i utvida forskinga mi til høgare breiddegrader. Forskingsgruppa er prega av eit svært godt samarbeid, seier Keenlyside.

Bergen er ein god plass å bu, meiner Keenlyside.

– Det er stille og fredeleg, akkurat slik eg likar det. Eg hadde høvet til å dra tilbake til Australia og Melbourne, men eg ville heller bu her, seier han.

Nyttig for samfunnet

Som student studerte Keenlyside matematikk og fysikk. At det var klimaforsking han skulle satsa på vart klart etter at han var ferdig med bachelorgraden.

– Eg har alltid vore interessert i føreseielegheit, ekstremt interessert, faktisk. Etter bachelorgraden fokuserte eg på klimaforsking og føreseielegheit, og fant ut at eg likte korleis kunnskapen kan brukast til noko. Samfunnsnytta er heilt tydeleg, seier professoren.

Ros frå EU

I 2015 vart Keenlyside tildelt det prestisjetunge Consolidator Grant frå Det europeiske forskingsrådet (ERC), som den første forskaren ved UiB.

– Forståinga vår av føreseielegheit er ikkje god nok, vi kjenner ikkje grensene Vi veit mykje om føreseielegheit i Nord-Atlanteren, men ikkje i Stillehavet.

Støtta frå ERC  gjorde det mogeleg for han å utvikla arbeidet med supermodellar for å føreseia klimautviklinga, gjennom å kombinera modeller for å skapa betre versjonar.

– Vi skapar ein supermodell gjennom å kombinera fleire, og prøver å skapa ein representasjon av klimaet som ein heilskap og forstå korleis havet påverkar klimaet. Støtta gir oss store mulegheiter. Eg vil at forskinga vår skal vera nyttig, seier klimaforskaren.

Livsreddande kunnskap

At vitskapen kjem til nytte er en drivande faktor for Keenlyside. Å laga betre modellar som føreseier klimaet har ei rekkje fordelar. Den lange og dødelege tørkeperioden i Afrikas Sahel-regionen på åttitalet er eit døme der kunnskapen kunne ha tydd mykje.

– Mange liv kunne ha vorte sparte om vi hadde vi hatt betre modeller for å føreseia desse tørkeperiodane, meiner Keenlyside.

Betre klimamodellar kan også ha økonomiske fordelar.

– Verdas industri, transport og infrastruktur er avhengig av klimaet. Ei betre forståing og betre prediksjonar kan i stor grad redusere kostnader, forklarar Keenlyside.

Motivert av nyfikenskap

Keenlyside er ein svært produktiv forskar, som har publisert fleire artiklar både som medforfattar og førsteforfattar.

– Mange av publikasjonane er gjort i lag med andre. Eg er nyfiken, og eg lærer meir ved å arbeida i ei gruppe. Eigentleg skulle eg ønska at eg kunne ha gjort mykje meir, seier Keenlyside.