Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Sommar i tjue minus

Feltsesongen er i gang på toppen av Grønlandsisen, på forskningsstasjonen EastGRIP - The East Greenland Ice-core Project. 

Sommar i tjue minus

For første gong blir det henta ut iskjerner frå ein av Grønlands raskaste isstraum mot havet.

På kysten av det nordøstlege Grønland er det ein isstrøm som fører store mengder is ut i havet. På eit lite område fører denne strømmen aleine 10-12 prosent av all isen som går ut i havet frå Grønlandskappa.

– Det er potensiale for at det kan auke. Mange ventar at det kan skje ting her, seier Kerim Nisancioglu, professor ved UiB og Bjerknessenteret.

Nisancioglu leier den bergenske innsatsen på feltarbeidet på Grønlandsisen, på forskningsstasjonen EastGRIP. I år og fire år framover vil det vere bjerknesforskarar utstasjonert på isen gjennom feltsesongen. Arbeidet på Grønlandsisen er ein del av det dansk-norske samarbeidet i forskningsprosjektet ice2ice.

Forskningsstasjonen i The East Greenland Ice-core Project (EastGRIP) opna for sesongen i slutten av april. Her finn du daglege oppdateringar frå isen: http://eastgrip.org/uk_diaries_2016/

Oppdraget på isen er å få større forståing av korleis isstraumen oppfører seg og moglege bidreg til havnivåstigning.

0 grader = rekordvarme

I eit iskaldt sommarklima vil Sarah Berben, Mari Fjalstad Jensen og Kerim Nisancioglu dele på den tre månader lange feltsesongen i år. I tillegg skal Silje Smith-Johnsen i august tilbringe nokre veker i båt på kysten for å måle isen som kalvar.

Feltstasjonen East Grip er plassert godt inne på Grønlandsisen, høgt over havet. Vanleg temperatur ligg på kring tjuefem minusgrader, men i 2012, opplevde forskarane som var her oppe noko spesielt. Det regna.

– Det var null grader i 2012. Det er høgaste temperatur som er registrert der oppe nokon gong, seier Nisancioglu.

Då forskningssesongen starta i april var det berre minus fem grader, noko som gav gode landingsforhold, i følge bloggen til forksnignsstasjonen

I tillegg til borekjerner vil forskarane også måle temperaturar, nedbør, snødekke og for å følge massebalansen i isen.

EGRIP
For å klargjere for iskjerneboring blir det gravd ut djupe renner i isen. 

 

Ein god del hardt arbeid og planlegging må til for å få til å bore etter iskjerner. Ballongar under snøen lager nyttige strukturar, ventilasjonsrør blir innstallert og djupe renner må til for å skape eit perfekt miljø for boring.