Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Havstraumane mellom Nord-Atlanteren og Norskehavet er stabile

Styrken på den djupe kalde straumen gjennom Færøybankkanalen og den totale overstrøyminga over den undersjøiske ryggen mellom Grønland og Skotland er uendra i motsetning til kva forskarar har rapportert om tidlegare.

Av: Seniorforsker Svein Østerhus , Bjerknessenteret for klimaforskning, en sampublikasjon med Klima 6-2008.

Over den undersjøiske ryggen mellom Grønland og Skotland (GSR, Figur 1) går det ein kontinuerleg straum av kald og tungt vatn frå Norskehavet til Nord-Atlanteren. Saman med djupvatn sør om ryggen og vatn som blir innblanda undervegs dannar denne den nedre delen av den atlantiske thermohaline sirkulasjonen (ATHC) eller den meridionale omveltingssirkulasjonen (AMOC). Dei fleste klimamodellar (IPCC 2007) indikerer at styrken på denne sirkulasjonen vil bli redusert i framtida som eit resultat av klimaendring. I fleire artiklar er det også rapportert om observert reduksjon (Hansen m.fl. 2001, Bryden et al. 2005), men i ein artikkel nyleg publisert i tidskriftet Nature viser vi med hjelp av målingar og modell at styrken på overstrøyminga over GSR ikkje har endra seg sidan 1948 (Olsen m.fl. 2008). Når transporten av djupvatn sørover er uendra, må også transporten av dei varme nordgåande straumane vere uendra.

 Figur 1. a) Kart over GSR der dei djupe straumane som strøymer over ryggen er markert med piler. b) Den djupaste renna mellom Norskehavet og Nord-Atlanteren er Færøybankkanalen (FBC). Her har vi gode målingar av transporten av det kalde djupvatnet som strøymer sørover.


Målingar i ti år

Sidan 1995 har vi målt styrken på alle greinene av atlanterhavsvatnet som strøymer inn i Norskehavet og deler av det kalde vatnet som returnerer til Atlanterhavet. Vi har nå meir enn ti år med gode målingar på alle dei nordgåande straumane og svært gode målingar på den delen av djupvatnet som strøymer over GSR gjennom Færøybankkanalen. Desse målingane saman med hydrografiske målingar som temperatur og salt tilbake til 1948 har vi kombinert i eit såkalla hindcast-eksperiment ved hjelp av ein global numerisk havsirkulasjonsmodell. For den overlappande perioden (1995 til 2005) finner vi eit overbevisande samsvar mellom modellresultata og observasjonane frå månads til mellomårleg tidsskala (figur 2a). Verken målingane eller modellresultata viser nokon markert trend i volumtransporten av djupvatn gjennom Færøybankkanalen. Heller ikkje for heile perioden frå 1948 til 2005 viser modellen ein markert trend (figur 2b). Desse modellresultata stemmer også bra med dei få historiske observa¬sjonane som fins (figur 2b).

Styrke og overstøyming uendra

Sjølv om volumtransporten ikkje har nokon trend, så er det ein markert endring i temperatur og saltforholda i djupvatnet i Norskehavet (sjå Gammelsrød m.fl. 2008). Dette har ført til at trykk¬gradienten over ryggen er redusert, og som ein følgje av dette er den delen av overstrøyminga som er drevet av denne trykkforskjellen redusert (Hansen m.fl. 2001). Denne reduksjonen er kompensert av endring i havnivået og dermed er den totale volumtransporten uendra.

Av desse studia kan vi trekke den slutning at styrken på den djupe kalde straumen gjennom Færøybankkanalenog den totale overstrøyminga over den undersjøiske ryggen mellom Grønland og Skotland (GSR) er uendra i motsetning til kva vi og andre har rapportert om tidlegare. Den  reduserte meridionale omveltingssirkulasjonen som
klimmodellane viser, kan vere eit resultat av endringar i Nord-Atlanteren sør om GSR. Ein anna årsak kan vere at endringane inntil nå er for små til å kunne påvisast med direkte målingar av havstraumane.

Varmetransporten og prosessar som styrer styrken på den nordlege greina av ATHC/AMOC blir studert i prosjekta POCAHONTAS og IPY-BIAC .

Referanser

    Hansen,  Turrell and  Østerhus, 2001. Decrease overflow from the Nordic Seas into the Atlantic through the Faroe Bank channel since 1950. Nature,  411,  927-930.
    Bryden, Longworth & Cunningham, 2005. Slowing of the Atlantic meridional overturning circulation at 25°N. Nature, Vol. 438, 655-657
    Olsen, S. M., B. Hansen, D. Quadfasel and S. Østerhus, 2008. Observed and modelled stability of overflow across the Greenland–Scotland ridge. Nature, doi:10.1038/nature07302
    Gammelsrød, Skjelvan, Østerhus & Østrem, 2008. Værskipet Polarfront: Klimaforskningens flaggskip. Klima 2-2008.