Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Kartlegg kraftige regnskyll

Asgeir Sorteberg vann gjennom med sin søknad til eit prosjekt som skal kartlegge korttids ekstremnedbør.

Nedbør på 13.4 mm på ein time vaska vekk vegen i Telemark i fjor sommar. Faksimile frå VG 06.08.13


Prosjektet Climatic changes in short duration extreme precipitation and rapid onset
flooding - implications for design values
(ExPrecFlood) er det første nasjonale forskningsprosjektet på forståing av korttids nedbørekstremar.

Kraftige regnskyll kan skape oversvømming og flaum mange stader. Ved store elvar som Glomma, tar det lang tid å skape flaum. I urbane område og ved små elvar, kan kraftig nedbør på kort tid skape oversømming og gje store skadar på bygningar, veg og bane.  

– Det er i dag lite data på timesnedbør. Det me har i dag er døgnverdiar, men me veit at kraftig nedbør på kort tid kan gje store skadar. Mange målestasjonar i dag er automatiserte, så det finnest data over nedbør på ti minuttar og ein time, men data er ikkje satt saman og analysert, seier Asgeir Sorteberg, professor ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret.

Han har fått 7 millionar kroner til forskningsprosjetet ExPrecFlood, der fokuset nettopp er å forstå kva som skjer ved kraftig nedbør på kort tid.

I prosjektet skal forskarane både sette saman data for timesnedbør, og bruke desse til modellering. Data vert sett saman for heile landet, men modellering blir på område på austlandet og vestlandet.

Når ingeniørar til dømes i NVE skal rekne ut risiko for flaum, nyttast såkalla returverdiar. Dette er data basert på observert nedbør og flaum fleire tilbake i tid.  Sidan ein tidlegare kun har hatt returverdiar basert på nedbør per døgn, inneber det eit nybrottsarbeid å utvikle returverdiar på timebasis.

- I tillegg til tidlegare observasjonar må me også ta omsyn til klimaendringar og kva klimaendringane kan medføre for framtidig nedbør, seier Sorteberg.