Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Knekker polarstormkoden

Bergensforskarane nærmar seg løysinga på mysteriet kring polarstormane, skriver På høyden . I romjula viser NRK Univisjon sin dokumentar om den farlege polarstormen.

For fiskarar og båtfolk kring Norskehavet og Barentshavet er polarstormen eit kjent og frykta fenomen. Polarstormar er polare lågtrykk som oppstår der kald luft frå Arktis treffer den relativt varme havoverflata. Lågtrykket kan utvikle seg til intense syklonar som dukkar opp heilt plutseleg, utan at meteorologane har klart å fange dei opp.

– Dei er vanskelege å oppdage, blant anna fordi me har langt færre observasjonar over havområde enn over land. Lågtrykka inneber ein risiko, særleg for kystflåten og kystsamfunn i Nord-Noreg. Dei vert likevel raskt svekka når dei treff land, fordi drivkrafta vert henta frå havet, seier Øyvind Sætra, forskar ved Meteorologisk institutt til met.no.

For at ein i framtida skal utvikle gode nok modellar for å kunne varsle dei polare lågtrykka, vart kring tjue verforskarar frå IPY-Thorpex-prosjektet samla på Andøya i byrjinga av mars i fjor. Håpet var å kunne finne og følgje eit polart lågtrykk.
 
For første gong i historia klarte forskarane å følgje eit polart lågtrykk frå byrjing til slutt, over fleire dagar. Resultatet er at forskarane i dag sit dei med dei mest komplette data som finnest av eit slikt lågtrykk. Analysar av resultata så langt viser lågtrykka har likskap med tropiske syklonar. Felles for begge er møtet mellom kald luft og varm havoverflate.

Sjølv om Norskehavet etter vår menneskelege målestokk ikkje akkurat er eit varmt hav, er det stor temperaturskilnad i høve til den iskalde lufta som kjem over isen. Det skapar temperaturskilnader lik dei ein har når tropiske syklonar oppstår.

No arbeider forskarane med å forstå dei fysiske prosessane, for å vite meir om kva effekt til dømes bølge og vind har på utviklinga av syklonane. Den nye innsikta vert integrert i modellane, slik at meteorologane raskare vil oppdage og berekne rørsla og intensiteten i lågtrykka.

Prosjektet er ein del av Det internasjonale Polaråret 2008 og er organisert under prosjektet IPY-Thorpex. Fra Bjerknessenteret deltar Erik Kolstad og Idar Barstad i prosjektet.

Visningstider:
NRK1 mandag 29.12. kl. 20.15
NRK1 tirsdag 30.12. kl. 11.00
NRK2 torsdag 1.1. kl. 17.05
NRK2 mandag 5.1. kl. 13.05

Programomtale:
http://www.nrk.no/programmer/sider/jakta_paa_polarstormen/

NRK nett TV: http://www1.nrk.no/nett-tv/natur/spill/verdi/86148

Les også blogg innlegg fra Erik Kolstad her .