Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Lifetime Achievement Award til Hilary

Professor emerita Hilary Birks mottar sin Lifetime Achievement Award av John Smol, president for International Paleolimnologicl Association. Foto: John Birks

Lifetime Achievement Award til Hilary

Tirsdag 4. August fekk professor emerita Hilary Birks Lifetime Acheivement Award frå the International Paleolimnology Association.

”Hilary er internasjonalt respektert som ein av dei framste i verda innan paleobotanikk (…) Ho har stadig fremma ny innsikt og synteser kring viktige spørsmål både innan vitskapen og for samfunnet, både når det gjeld klimaendringar og relaterte miljøtema”

Slik byrja talen til president i The International Paleolimnology Association, John Smol, professor ved Queens University i Canada, før Hilary fekk sin medalje i Lanzhou, Kina på tirsdag. Her er fagmiljøet samla til symposium denne veka. 

Hilary Birks haldt sjølv eit foredrag om sitt vitskaplege virke og sitt verdsomspennande arbeid med makrofossilar, frå studium ved Kråkenes i Noreg, via Påskeøya, Sewardhalvøya i Alaska, Skottland, Minnesota til Tibet og Nildeltaet.

- Eit fasinerande foredrag, ifølge hennar ektemann og kollega, professor emeritus John Birks.

HIlary Birks vart professor emerita i april i år. Les meir om forskarkarriera hennar her: Festseminar for Hilary Birks 

I desember 2014 vart ho også utnemnt som "Fellow of the AAAS". Å bli utvald av American Association for the Advancement of Science, er ei ærefull utmerking. Hilary er utvald som den tredje frå Noreg, berre hjerneforskarane  Per Oskar Andersen (UiO) og nobelprisvinnar Edvard Moser (NTNU) er tidlegare utvald. 

Bjerknessenteret gratulerer Hilary med enda ei vel fortent utnemning!