Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Skjerp klimaspråket

Forskarane kan presisera og definera så mykje dei vil, men publikum tolkar likevel ut frå allmenn språkkunnskap.

Av: Idar Eidset, seniorkonsulent, Respons Analyse AS, Tore Furevik, professor, Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for klimaforsking, UiB, og Johan Myking, professor UiB og fagrådsleiar, Språkrådet.

Språket har ikkje i seg sjølv skapt issmeltinga i nord, men utan ei skjerpa språkevne både hjå forskarar og publikum vil folk ha vanskar med å forstå årsakene til mindre is på Nordkalotten og effektane av smeltinga. Forskaren har derfor ei viktig språkleg rolle. I klimadebatten uttrykkjer særleg det naturvitskaplege vokabularet eit viktig kunnskapsgrunnlag, men òg ei stor utfordring.

Medan nesten alle veit kva uttrykket «global oppvarming» tyder, er det berre halvparten som kjenner att den riktige definisjonen på «drivhuseffekt». Det kjem fram i ei undersøking som vert presentert på Språkrådets konferanse Språkdagen 2010 i dag. Eit representativt utval er spurt om korleis dei forstår nokre viktige uttrykk frå klimadebatten.

For kvart uttrykk fekk dei tre svaralternativ å velja mellom, men berre eitt av desse var fastsett som rett. For ein del av uttrykka var svaralternativa openbert feil, medan det for andre var mindre nyansar mellom rett og gale alternativ.

Kva er ein klimaskeptikar?

Denne undersøkinga gir ikkje endeleg svar på om folk forstår det klimaforskarane formidlar, men signaliserer likevel interessante utfordringar. Det syner seg at utdanning er viktig for forståinga, at kvinner og menn ofte oppfattar uttrykka noko ulikt, men at politisk ståstad i mindre grad spelar inn på forståinga av uttrykka.

I valet mellom «En som mener klimaforskerne overdriver» og «En som ikke tror den globale oppvarmingen er menneskeskapt», er det likevel fleire frå SV som prikkar inn det sistnemnde svaret, og omvendt satsar fleire Frp-veljarar på det første. No er det slik at også det første alternativet eit stykke på veg er riktig, men går altså ikkje like langt som det korrekte alternativet. «Klimaskeptiker» er det uttrykket i undersøkinga som i størst grad lever i den politiske debatten i media, og ikkje så mykje i dei naturvitskaplege fagmiljøa. Det er derfor interessant å sjå at dette uttrykket også er det ordet som i størst grad gir utslag avhengig av politisk ståstad.
 

Det er skilnad på kjønna

Trass i alle metodiske atterhald viser undersøkinga at utdanning ofte påverkar forståinga. Slike uttrykk er «klimamodell», «drivhuseffekt», «karbonsyklus», «klimaskeptiker» og «vippepunkt». Uttrykk der utdanning i liten eller ingen grad spelar inn, er derimot «tilbakekopling», «klimaendring» «vær og klima» og eitt av kjerneuttrykka, «global oppvarming».

Resultata avdekkjer også fleire systematiske kjønnsskilnader, og det er menn som oftast svarer rett. 78 % av mennene svarer rett på seks eller fleire spørsmål, mot 56 % blant kvinnene. Kjønnsskilnaden er størst på spørsmålet om kva drivhuseffekten er, her svarer 61 % av mennene og berre 38 % av kvinnene rett. Menn har betre forståing av uttrykka «klimamodell», «drivhuseffekt», «karbonsyklus», «klimaskeptiker», «vippepunkt» og «klimaendring».
 

Skil mellom vêr og klima

Kan dette tolkast som at naturvitskap er ei «mannegreie»? Vi vil i alle fall ikkje dra den slutninga at kvinner er mindre opptekne av klimatrusselen enn menn er, for andre undersøkingar har synt at kvinner ofte er meir opptekne av klimaproblema. For tre uttrykk er det liten eller ingen skilnad mellom menn og kvinner: «tilbakekopling», «forskjellen mellom vær og klima» og «global oppvarming».

Visse grunnleggjande uttrykk ser ut til å ha festa seg godt. 94 % greier (heldigvis) å identifisera den vesentlege skilnaden mellom vær og klima, og 97 % greier å svara rett på global oppvarming, som er alternativ 2 her: «1) At alle steder blir varmere, 2) Økning i den globale gjennomsnittstemperaturen, 3) At klimaet gradvis er blitt mer behagelig.»

Det kan innvendast at dette er eitt fornuftig svar og to nonsens-svar, og at det derfor ikkje skal så mykje til å treffa rett. Men klimaskeptikarar presenterer ofte målingar som syner «lokal nedkjøling» og bruker dette som bevis for at klimaforskarane tar feil. Svaralternativ 1 er altså kanskje ikkje like banalt for alle.
 

Drivhuseffekt forvirrar

Det er på den eine sida positivt at forståinga av «global oppvarming» og av den vesentlege skilnaden mellom ver og klima ikkje er avhengig av utdanningsnivå eller kjønn. På den andre sida avdekkjer undersøkinga at folk blandar saman to heilt sentrale uttrykk - «global oppvarming» og «drivhuseffekt». På spørsmål om kva «drivhuseffekt» tyder, gir berre 50 prosent det riktige svaret, som er at «gasser i atmosfæren begrenser varmetap fra jorda». Nesten like mange, 45 prosent, svarer derimot at «drivhuseffekt» tyder «økning i den globale gjennomsnittstemperaturen» - altså definisjonen på «global oppvarming».

Det kan kanskje vera noko med sjølve ordet «drivhuseffekt» som gjer at det blir misforstått, trass i at det er velkjent både frå skulen og media. Fenomenet er kalla «effekt», men er like mykje ei årsak, og global oppvarming er jo den eigentlege effekten. Bruken av «effekt» i ordet «drivhuseffekt» kan derfor vera ein grunn til at mange blandar saman dei to omgrepa. Slik sett er kanskje ikkje «drivhuseffekt» eit godt faguttrykk.
 

Vippepunkt er eit godt ord

Andre av orda har ein dramatisk klang som kanskje sporar til rett forståing. Vippepunkt tyder såleis «Når klimaendringene ikke lenger kan stoppes», og dette får folk, flest menn, tydelegvis med seg. Andre uttrykk er i seg sjølv vanskelegare å tolka, men har kanskje ein dåm av noko teknisk og vitskapleg som appellerer litt meir til menn.

«Tilbakekopling» tyder «prosess som kan forsterke eller svekke klimaendringene». Det har ingen ting med «temperatursenking» eller «tilbakekasting av solvarme» å gjera, slik leddet «tilbake» lett kan gje inntrykk av. Vitskapleg sett kan tilbakekoplingar vera positive (forsterkar klimaendringar) eller negative (dempar klimaendringar).
 

Språket er ikkje presist

I forskingsformidling må ein forenkla, men samstundes vera presis. «Klimatrusselen» treng derfor aktive forskingsformidlarar. Klimaforskarane må formidla kva dei er sikre på utan å skjula det som er mindre sikkert - i motsett fall misser dei tillit og truverde. Forskarar møter då det problemet at språket som verktøy er notorisk usikkert og vagt: Forskarane kan presisera og definera så mykje dei vil, men publikum tolkar likevel ut frå allmenn språkkunnskap.

Faguttrykka i denne undersøkinga er stort sett laga på grunnlag av vanleg norsk ordmateriale. Klimaforskarane har gjort ein viktig jobb med å utvikla ein norsk vokabular slik at debatten kan gå føre seg på norsk. Undersøkinga viser likevel at dette verktøyet alltid må finslipast. Det er ikkje greske innslag eller engelsk påverknad som er den største språklege utfordringa i klimadebatten, men morsmålet!

Først publisert i Bergens Tidende 10.11.10