Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Statoil misforstår togradersmålet

Kommentar av Helge Drange i Dag og Tid fredag 25. oktober 2012

 

Togradersoptimismen er lite ut­breidd i dagens klima. Men det finst unntak. I siste utgåva av Dag og Tid kunne vi lesa at klima­direktør i Statoil Hege Marie Nor­heim argumenterer for å halda oppe leiting og utvinning av olje og gass – i alle fall fram til 2050 – og at dette skal vera i tråd med togradersmålet. Meir om det sei­nare.


Nyleg nådde CO2­målingane på Zeppelin­fjellet på Svalbard ein verdi på 400 milliondelar. Ein tilsynelatande liten, men like fullt skremmande høg verdi. Så mykje CO2 er det i lufta i dag
at vi i alle fall må åtte hundre tusen år attende i tid, kanskje tre millionar år, for å finna tilsva­rande situasjon. Auken har – i all hovudsak – si årsak i brenning av kol, olje og gass.

Hadde CO2­molekyla i seg sjølv vore helseskadelege eller hatt farge eller lukt, hadde det vore slutt på menneskeskapte CO2­utslepp for lengst. Men det er tilsynelatande ikkje frykt for ein fare som vanskeleg kan san­sast. Rett nok kjenner vi til kva forskinga seier: at vi er i ukjent territorium, med uavklåra følgjer for menneske, samfunn og øko­system. Men gamal vane, makt og kortsiktig avkasting held seg til det kjende og handgripelege.Difor styrer vi med attlatne augo og nyttar atmosfæren som eit til­nærma fritt, utømmeleg avfalls­deponi.

Hadde tryggleiksmarginane i Nordsjøen vore sette til 80 pro­sent, hadde få teke helikopteret til olje­ og gassfelta i vest. Kva svarar ein slik låg tryggleiksmar­gin til i forvaltinga av vår felles planet og framtid? Skal tempera­turen på jorda avgrensast til to grader oppvarming i 2100 saman­likna med førindustriell tid, og dersom vi tillèt at det er 80 pro­sent sannsynleg for at dette vil skje, seier faglitteraturen at vi kan frigjera om lag 150 milliar­dar tonn karbon mellom i dag og 2050. Om dette høyrest mykje ut, så er det ikkje det. Tvert om. 150 milliardar tonn karbon svarar til sytten år med brenning av kol, olje og gass på dagens nivå. Etter det er det stopp.

Med så liten margin for å nå togradersmålet slår det interna­sjonale energibyrået IEA fast at
dersom ikkje utsleppa går ned frå og med i dag, kan ny fossilbasert energiproduksjon ikkje starta etter 2017. Det same energibyrået har kome fram til at dei globale CO2­utsleppa auka med rekord­ høge tre prosent i 2011. Dette, saman med mangel på interna­sjonale avtalar, gjer det ikkje sær­leg sannsynleg med omgåande reduksjonar av karbonutsleppa.
Alt dette er velkjent eller burde vera det.

Statoil må gjerne forsvara eiga verksemd med at verda treng energi. Men å argu­mentera for at all Statoil­aktivitet er i tråd med togradersmålet, er ei misforståing. Klimaendringane er drivne av faktiske klimagass­utslepp og naturlovene, ikkje retoriske grep eller omsynet til
kortsiktig avkasting.

Skal vi unngå omfattande, langvarige og ikkje­opprettelege klimaendringar, trengst det nye tankar og andre mål. Opninga av olje­ og gasseventyret i 1971 er éin ting, framhald av det same tankegodset 41 år seinare noko anna.

Eller for å sitera første set­ning i 2011­rapporten frå IEA, som Statoil gjerne nyttar som støtte for auka olje­ og gasspro­duksjon: «If we don’t change direction soon, we’ll end up where we’re heading.»