Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Tilbakeviser falske klimapåstandar

CICERO og Bjerknessenteret svarar i dag klimaskeptikarar i eit omfattande brev til politikarar,
vidaregåande skular og bibliotek rundt om i landet.

Tidlegare i år vart dei to klimaforskingssentra gjort kjend med at alle vidaregåande skular i landet hadde fått tilsendt heftet «Naturen – ikke menneskene – styrer jordens klima» frå foreininga Klimarealistene.
 
Vitskapen er klår
– Klimarealistene sitt formål er å tilbakevise at menneska har noko med dei siste tiåras klimaendringar å gjere. Både CICERO og Bjerknessenteret vart kontakta av skular og politikarar etter at heftet vart sendt ut, seier Pål Prestrud, tidlegare direktør ved CICERO Senter for klimaforskning.
 
– Ettersom innhaldet i Klimarealistene sitt hefte er såpass graverande, har CICERO og Bjerknessenteret sett seg nøydde til å lage eit grundig tilsvar med eit håp om å rette eventuelle misoppfattingar, seier Eystein Jansen, direktør for Bjerknessenteret for klimaforskning.
 
– Kring dette spørsmålet er nemleg vitskapen klår: Menneska bidreg i sterk grad til å endre jordas klima, legg Prestrud til.
 
Bruker kjende metodar
I samarbeid har ei rekke forskarar på Bjerknessenteret og CICERO forfatta tilsvaret, blant dei direktørane Eystein Jansen og Cecilie Mauritzen samt forskarane Helge Drange, Pål Prestrud og Hans Martin Seip.
 
Kvart einaste kapittel i Klimarealistane sitt hefte inneheld omfattande faglege feil, utelatingar, misforståingar og forvrengingar. I tilsvaret til Klimarealistene er nokre av deira feil og misforståingar tatt for seg kapittel for kapittel, i tillegg til eit vedlegg med kommentarar til fleire påstandar i heftet.
 
–  Vi merkar oss også at Klimarealistene nyttar seg av metodar som tidlegare har vore nytta av forkjemparar for tobakks- og sukkerindustrien for å spreie tvil om klimaforskinga. Dette er metodar som å handplukke data som stadfester deira påstandar, å bygge argument på påstandar som for lengst er tilbakeviste, og ignorere store mengder solide vitskaplege resultat, fortel Jansen.

For ytterlegare kommentar og informasjon, kontakt:

Eystein Jansen
eystein.jansen@bjerknes.uib.no
mobil: 906 18 858


Monica Bjermeland
monica.bjermeland@cicero.uio.no
mobil: 986 84 916