Gå til hovedinnhold

The Bjerknes Centre is a collaboration on climate research, between the University of Bergen, Uni Research, the Institute of Marine Research, Nansen Environmental and Remote Sensing Centre.

Arktisk sjøis i lav sol. Arctic sea ice sunset Foto: V. Dansereau, 2010

Arktisk sjøis i lav sol. Foto: V. Dansereau, 2010

Nytt varslingssystem for sjøis  

Pierre Rampal startar eit nytt prosjekt for utvikling av sjøisvarsling.

 

 

Det nye systemet skal kunne informere operatørar i Polhavet om kvar sjøisgrensa går, bølgehøgder og storleik på isflak. Pierre Rampal, forskar ved Bjerknessenteret og Nansensenteret, fekk gjennomslag i Forskningsrådet like før jul for  prosjektet neXtWIM: Waves in a next-generation sea ice model. I dette prosjektet skal Rampal og kollegaer bygge eit varslingssystem basert på ein svært realistisk sjøismodell.

Pierre Rampal, researcher at NERSC/ Bjerknes Centre for Climate Research
Pierre Rampal, foto: NERSC

– For operatørar i Arktis er grensa mellom sjøis og det opne havet svært viktig. Store bølger og drivande isflak kan vere ekstremt farlege, forklarer Rampal. 

 

For å gjere dette vil forskarane inkludere interaksjon mellom bølger og is i ein ny generasjon modell for sjøis, kalla neXtSIM. Kjernen i modellen er ein ny metode for å berekne korleis sjøis vert utvikla og endrer seg. Denne modellen er no under utvikling ved Nansensenteret (NERSC).  Ifølge Rampal er denne den første på verdsbasis, noko som gir Nansensenteret, Bergen og Norge ei leiande rolle når det gjeld vitskap kring Arktis.

 

I det siste tiåret har sjøisen i Arktis satt fleire nye minimumsrekordar. Det gir meir ope hav og påfølgande fleire bølger.

 

Rampal minnar om at både turisme, shipping og petroleumsindustrien tar sikte på å utnytte det minkande sjøisdekket for å utvide deira aktivitetsområder. Men Polhavet er ein stad der sjansen for ulykker auker.

 

I tillegg til utvikling av varslingssystemet, siktar forskarane mot å utvikle eit varslingssystem for bølger og is over heile Arktis. Til nytte for infrastrukturen i området, skal varslingssystemet gi informasjon om bølgehøgde og storleik på isflak i grenseområdet mellom sjøisen og det opne havet.

 

 

Fakta/ neXtWIM

 

Støtte frå Forskningsrådet: 6,5 MNOK

Prosjektperiode: April 2015 – April 2018

Eksterne deltakarar:

Dr. Fabrice Ardhuin (Forskningsdirektør ved Ifremer, Brest, France)
Prof. Vernon Squire (Universitet i Otago, New Zealand) 
Dr. Luke Bennetts (Forsker ved Universitet i Adelaide, Australia)